Om Oss
Det byrja i studietida i Trondheim. Noko seint ute byrja Brynjar å drikke kaffe i 25-års alderen for å få kvardagen til å gå opp. Kaffebarane i Trondheim baud på mange fascinerande smakar, og interessa for spesialkaffe vaks saman med utdanningskunnskapen innan biologi og kjemi.
Samtidig budde Fanny ei periode i Etiopia, opphavslandet til kaffe. Etiopisk kaffekultur, og erfaringa med prosessen frå plukking av kaffebær til tradisjonelle kaffesermoniar var med på å verdsette kaffe på ein ny måte.
I 2022 flytta vi, ekteparet Muren, heimover til Volda der Brynjar vaks opp, og vi brenn no spesialkaffe av høg kvalitet. Råvarene er nøye utvald, og opphavet er sporbart tilbake til lokale produsentar i opphavslandet. Sporbarheita sikrar ikkje berre høg kvalitet, men også at produsentane får ein rettferdig pris for råvara. Kaffegardane driftast med bærekraftige teknikkar, og kaffen er økologisk.
Vi brenn kaffen vår i det vesle kaffebrenneriet vårt i Volda. Vi har ein liten brennar, og brenn kaffe til 2-3 posar om gongen. Kvar pose er eit handverk, frå råvare til design inspirert av Sunnmøre. Vi brenn kaffen «lyst», som vil seie at det blir lite av «brent»-smaken. Dette gjer at dei unike karakteristikkane til råvara kjem tydelegare fram i kaffekoppen din.

