Policy for netthandel
Ved å handle hos Muren Kaffebrenneri, godtek du følgjande vilkår:
1. Personvern
Muren Kaffebrenneri respekterer personvernet ditt. Når du handlar på nettsida vår, samlar vi inn personleg informasjon som namn, adresse, e-post og betalingsinformasjon for å kunne handtere bestillinga di. Vi behandlar opplysningane dine i samsvar med gjeldande lovverk om personvern.
Bruk av informasjon: Informasjonen nyttast berre for å fullføre bestillingar, sende oppdateringar om ordren og, om ynskjeleg, informere om nyhende og tilbod frå Muren Kaffebrenneri.
Sikkerheit: Vi sikrar at alle personopplysningar blir oppbevarte trygt, og at betalingar skjer gjennom sikre betalingsløysingar.
Deling av informasjon: Vi deler aldri personopplysningane dine med tredjepartar, unntatt i dei tilfella der det er naudsynt for å fullføre bestillinga (t.d. transportørar).
2. Partane
Seljar er Muren Kaffebrenneri, Sollida 3 B, 6103 Volda, murenkb@gmail.com, tlf. 90652059, org.nr 932 907 194.
Kjøpar er den forbrukaren som utfører bestillinga.
3. Vilkår og Betingelsar
Produkt: Vi tilbyr høgkvalitets kaffi som beskrive på nettsida vår. Produktbeskrivingar og bilete er så nøyaktige som mogleg, men små variasjonar kan førekomme ettersom vi brenner lite kaffe om gangen, og fleire av posane lagast med trykk som kan variere frå pose til pose.
Vekta på kaffien i posane legg til grunn at produktet er heile bønner. Noko av massen forsvinn under kverning, ca. 3-7 g pr 250 g, så innhaldet vil vere litt lettare enn oppgitt vekt ved kjøp av ferdig kverna kaffi. Vekttapet er for det meste aks (som ikkje bidreg positivt til kaffismaken uansett).
Prisar: Alle prisar er oppgjevne i NOK og inkluderer alle avgifter. Vi forbeheld oss retten til å endre prisar utan varsel, men prisane på tidspunktet for bestillinga er gjeldande.
Betaling: Betaling skjer med Visa eller MasterCard gjennom betalingsløysinga Stripe, eller gjennom Vipps. Ordren blir behandla når betalinga er gjennomført.
4. Frakt og Levering
Leveringstid: Vi sender normalt ut bestillingar innan 2-3 arbeidsdagar etter at ordren er motteken. Vi køyrer sjølv rundt og leverer lokalt i Volda og Ørsta på dagen, og sender pakkane elles med Posten. Leveringstida til Posten er 2-5 dagar i heile Noreg.
Fraktkostnader: Fraktkostnadar blir rekna ut basert på vekt/volum og leveringsadresse, og vil visast ved utsjekking. Vi opererer med fri frakt i Volda og Ørsta + Sæbø (Postnr. 6100-5, 6150-6, 6165) der vi sjølv køyrer rundt og leverer. Ved feil val av fraktmetode i nettbutikken vil vi ta kontakt for evt. refusjon eller behov for auka betaling.
Forsinka levering: Ved forseinkingar vil vi kontakte deg snarast råd. Dersom leveringa er vesentleg forsinka, har du rett til å heve kjøpet.
5. Retur og Angrerett
Angrerett: Du har 14 dagars angrerett på varer kjøpt gjennom vår nettside, rekna frå den dagen du mottek varen. For å nytte angreretten må varen vere i same stand som då du tok imot den. Ta kontakt med oss på murenkb@gmail.com for å nytte angrerett.
Reklamasjon: Dersom det føreligg ein mangel ved vara må kjøpar innan rimeleg tid etter at den ble oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gi seljar melding om at han eller ho vil påberope seg mangelen. Kjøpar har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 mnd. frå mangelen ble oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan etter lova skje seinast to år etter at kjøper overtok varen. Merk at spesialkaffe er ei ferskvare med forringande kvalitet. Ta kontakt med oss på murenkb@gmail.com for å nytte reklamasjonsrett.
Retur: Ved retur av varer står du som kunde for returkostnadane. Ta kontakt med oss på murenkb@gmail.com for nærare instruksjonar.
Tilbakebetaling: Når vi har motteke og godkjent returvaren, vil vi refundere beløpet til di opphavlege betalingsmetode innan 14 dagar.
Konfliktløysing: Klagar rettast til seljar innan rimeleg tid. Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i godvilje. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukartilsynet for mekling. Forbrukartilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukertilsynet.no.
Oppseiing av abonnement: Abonnement kan seiast opp gjennom registrert konto på nettsida. Om abonnementet er starta utanfor kontosystemet så ta kontakt med oss på murenkb@gmail.com så ordnar vi oppseiinga.
Det er ingen oppseiingstid for abonnementet.
Abonnementet blir belasta på den dato i månaden abonnementet blei oppretta.